Mål 1

Haukeland universitetssjukehus er leiande i pasientbehandling, forsking og utdanning

Haukeland universitetssjukehus er det største sjukehuset i regionen og vi vil vere ein pådrivar for pasientbehandling, utdanning og forsking i Helse Vest. Vår ambisjon er å vere fagleg i front.

Helsepersonell i forskjellige uniformer stilt opp i rekke på helikopterdekket til Haukeland. Foto

Haukeland universitetssjukehus er det største sjukehuset i regionen og vi vil vere ein pådrivar for pasientbehandling, utdanning og forsking i Helse Vest. Vår ambisjon er å vere fagleg i front.  

Ei berekraftig spesialisthelseteneste må legge til rette for kompetanse- og funksjonsdeling mellom sjukehusa og samarbeid med kommunehelsetenesta slik at dei samla ressursane blir brukt best mogleg. Helse Vest RHF si satsing på regional samordning for å sikre betre ressursbruk og berekraftig drift i region er eit viktig grep, og vi vil bidra i dette arbeidet. (1)

Eit sjukehus som er leiande, gir spesialisthelsetenester av god kvalitet. Det betyr at pasientbehandlinga verkar, er trygg og sikker, involverer pasientane, er samordna, brukar ressursane godt og er rettferdig fordelt. Systematisk forbetringsarbeid legg grunnlaget for at vi kan styrke pasienttryggleiken, skape gode arbeidsmiljø og bruke ressursane på ein berekraftig måte.  

Det er potensial for betre samarbeid rundt pasientar med samansett eller langvarig sjukdom som treng tilbod frå fleire einingar i sjukehuset. Vi veit at vi har forbetringspotensial i interne overgangar, for eksempel mellom akutt- og behandlingsfase og ungdoms- og vaksenavdelingar. Vi veit òg at vi må samarbeide betre om tilbodet vi gir pasientar med psykisk sjukdom og rusavhengigheit. Det gjeld både pasientar i psykisk helsevern og i tverrfagleg spesialisert rusbehandling som treng somatisk helsehjelp, og pasientar i somatiske einingar med underliggande psykisk sjukdom og/eller avhengigheit. Alt dette peikar mot at vi må vurdere om organiseringa vår legg godt nok til rette for samarbeid på tvers. 

Vi har høge ambisjonar for forsking og innovasjon, og vil arbeide for at resultata kjem pasientane til gode. Vi vil gjere meir klinisk behandlingsforsking integrert i pasientbehandlinga. Vi har fleire framifrå forskingsmiljø som vi satsar vidare på. Samtidig vil vi bygge ein sterkare forskingskultur innanfor heile breidda av pasienttilbodet, mellom anna med finansiering frå EU og Norges forskningsråd.  

Sjukehuset vil vere ein sterk og attraktiv utdanningsarena i spesialisthelsetenesta. Vi samarbeider tett med utdanningsinstitusjonane. Vi vil vidareutvikle opplæringa av lærlingar, utdanninga av legar i spesialisering og praksisstudia for alle faggrupper i sjukehuset. For å tiltrekke oss gode kandidatar og styrke posisjonen som arbeidsgivar, må utdanningsløpa halde høg kvalitet, og det må vere samsvar mellom behova i tenesta, talet på studieplassar og praksiskapasitet i sjukehuset. 

Haukeland universitetssjukehus er ein stor beredskapsorganisasjon, og beredskap er ein del av vår daglege verksemd. Den verdspolitiske situasjonen gjer at vi må vere førebudde på krig, kriser og alvorlege hendingar. Vi må ha oppdaterte beredskapsrutinar og jamlege øvingar på alle nivå i sjukehuset. Sjukehusdrift krev også at vi til kvar tid har sikker tilgang til vatn, straum, forbruksvarer og driftskritisk IKT. Dette krev robuste reserveløysingar. Vi vil bygge vidare på samarbeidet med aktørar lokalt, regionalt og nasjonalt for å sikre god beredskap. 

Helse Vest IKT, Sjukehusapoteka Vest, Sykehusinnkjøp og Sykehusbygg er viktige partnarar for å nå målet om at Haukeland universitetssjukehus skal vere leiande i pasientbehandling, forsking og utdanning.

 

Korleis veit vi at vi er på rett veg?

  • Haukeland universitetssjukehus opprettheld og vidareutviklar status som Comprehensive Cancer Center gjennom kvalitetsforbetring, forsking og utdanning 
  • Resultat på utvalde nasjonale kvalitetsindikatorar er blant dei beste i landet 
  • Talet på alvorlege pasientskader per 1000 unike pasientar i sjukehuset er redusert 
  • Pasienterfaringar viser at pasientane er fornøgde med behandlinga på sjukehuset 
  • Talet på kliniske behandlingsstudiar og pasientar som deltek i dei, aukar 
  • Tilskot frå EU og Norges forskingsråd utgjer 30 prosent av den totale forskingsfinansieringa 
  • Talet på vitskaplege publikasjonar og medarbeidarar med ph.d.-grad aukar 
  • Praksisindikatoren i Studiebarometeret er betre enn snittet for medisinstudiet i landet 
  • Alle legar i spesialisering har individuell utdanningsplan 3 månader etter oppstart 
  • Sjukehuset og alle einingane har oppdaterte beredskapsrutinar, og medarbeidarane kjenner dei

 

Sist oppdatert 28.10.2026