Mål 9

CO2e-utsleppa våre er reduserte med 40 prosent innan 2030, og vi har tiltak som gjer oss til eit lågutsleppssjukehus i 2050

Miljø- og klimaarbeidet er sentralt i utviklinga av ei berekraftig helseteneste og skal bidra til å redusere negativ påverknad frå sjukehusverksemda. Sjukehusa i Noreg har som felles mål å kutte CO₂e-utsleppa med 40 prosent innan 2030, målt mot nivået i 2019, og å vere lågutsleppssjukehus innan 2050. 

Nærbilde av helsepersonell sine hender som holder to ark med baby fotavtrykk. Foto

Vi forankrar miljø- og klimaarbeidet i den ordinære drifta, i planverk og i budsjettprosessar. Vi vil ta inn klima- og miljøomsyn og synleggjere miljøkostnader i avgjerdene vi tar. Vi brukar klimabudsjett og klimarekneskap til betre forståing av samanhengen mellom mål, tiltak og økonomistyring. Samstundes veit vi at vi treng å rehabilitere gamle bygg og bygge nye, vi aukar bruken av utstyr og teknologi, og vi får høgare aktivitet. Dette gjer det krevjande å nå klima- og miljømåla og krev prioriteringar.

For å nå utsleppmålet må vi fase ut fossile energikjelder, redusere reiseverksemda og bruke mindre eingongsutstyr og medisinske gassar. Lågare reiseverksemd, særleg flyreiser, reduserer både utslepp og kostnader. Auka bruk av digitale løysingar for kommunikasjon mellom kollegaer, samarbeidspartar, men òg mellom pasientar og sjukehuset, er viktige tiltak, saman med elektrifisering av alle typar transport. 

Vi vil jobbe for å redusere dei indirekte utsleppa frå innkjøp av varer og tenester. For å få det til må vi samarbeide med leverandørar og legge vekt på klima- og miljøomsyn i planlegging og investeringar, særleg når vi bygger om og bygger nytt. Ein meir sirkulær tilnærming, med auka bruk av fleirgongsutstyr, gjenbruk av inventar og utstyr og redusert unødvendig forbruk, er viktige tiltak.

Sjukehuset må vere førebudd på effektar av klimaendringar, noko som stiller større krav til sjølve bygga, teknisk infrastruktur og beredskap. 

 

Korleis veit vi at vi er på rett veg?

  • Energiforbruket i sjukehuset er redusert med 20 prosent samanlikna med 2019 
  • Bruken av fly i tenestereiser er redusert med 40 prosent samanlikna med 2019 
  • Minimum 20 prosent av dei polikliniske konsultasjonane skal vere over telefon og video 
  • Innkjøp og bruk av eingongsvarmejakker og plasthanskar går ned i sjukehuset  
  • I ForBedringsundersøkelsen svarar over 90 prosent at det er lett å bidra i arbeidet med å forbetre miljø og klima
Sist oppdatert 28.10.2026