Sengepostane har god drift, kapasitet og kompetanse til pasientar som treng døgnbehandling
Gode sengepostar med kompetent personell er ein nøkkelfunksjon i sjukehuset. Fleire eldre i befolkninga og knappare tilgang på personell kan særleg utfordre kapasitet og kompetanse i døgntilbodet, og vi vil òg her gjere kloke val for å sikre rett bruk av kapasiteten.

Dei innlagde pasientane, både i psykisk helsevern, tverrfagleg spesialisert rusbehandling og somatisk sektor, er sjukare og krev meir aktiv behandling no enn tidlegare. Stabil bemanning og lågt sjukefråvær saman med godt leiarskap, er grunnlaget for god drift. Vi har tru på at kontinuerleg forbetringsarbeid er nødvendig for å vidareutvikle gode sengepostar. Sengepostane skal vere attraktive arbeidsplassar der medarbeidarane får høve til å utvikle og styrke sin kompetanse for å møte pasientane sine behov.
Brukarvenleg teknologi, til dømes i legemiddelhandteringa, som forenklar arbeidskvardagen og bidrar til auka kapasitet ved å avlaste personell, blir viktig. Trygg ansvars- og oppgåvedeling og fleire typar kompetanse som arbeider i team på sengepostane, må òg til for å nå målet. Sjukepleiarane på sengepostane må få bruke sin spesifikke kompetanse betre. Gode overgangar både mellom einingar i sjukehuset og mellom sjukehus og kommunane er avgjerande for at vi skal klare å gi døgntilbod med god kvalitet. Det er eit mål at pasientar ikkje skal vere innlagt på sjukehus lenger enn det som er medisinsk nødvendig. Dette er viktig både for pasienttryggleik og ressursbruk.
Vi vil standardisere sengepostane for å gjere det enklare og tryggare for medarbeidarane å jobbe på tvers av einingar. Standardisering gjer det òg enklare å omdisponere areal ved endringar i tilbodet. I tillegg kan bruken av heimesjukehus bidra til den fleksibiliteten vi treng. Skåring av skrøpelegheit hos pasientar over 70 år vil hjelpe oss med å identifisere pasientar som treng grundigare vurdering og målretta tiltak. Dette vil gi betre grunnlag for å velje rett behandlingsnivå og førebygge komplikasjonar. Vi treng fleksibilitet på både areal- og personellsida for å handtere svingingar og utviklinga i kapasitetsbehov.
Korleis veit vi at vi er på rett veg?
- Gjennomsnittleg liggetid er på nivå med dei andre regionsjukehusa
- Døgnopphald per 1 000 innbyggarar er på nivå med dei andre regionsjukehusa
- Delen pasientar over 70 år som blir vurderte med kliniske skåringssystem i sjukehuset, aukar
- Beleggsprosenten er mellom 85 og 95 prosent på sengepostane
- Årsverk for helsefagarbeidarar og andre relevante personalgrupper aukar på sengepostane, ref. plan for kompetanse
- Pasienterfaringar viser at pasientar er fornøgde med tilbodet på sengepostane