Pasientar og pårørande får kunnskap og verktøy slik at dei kan ta vare på eiga helse
Det har lenge vore eit nasjonalt mål å førebygge for å redusere veksten i bruk av helsetenester. Likevel ser vi at konsultasjonar per innbyggar aukar både hos fastlegane og i spesialisthelsetenesta. Vi vil saman med pasientar og pårørande forbetre tenestene og arbeide for å unngå unødvendig diagnostikk og behandling. Dette er å vere open om prioriteringar og gjere kloke val.

God dialog mellom pasientar og helsepersonell er ein føresetnad for forsvarleg helsehjelp, og bidrar til at pasientane kan ta informerte val om eiga helse. Vi vil derfor legge til rette for at helsepersonell kan utvikle sine kommunikasjonsferdigheiter gjennom simuleringstrening og kurs.
Pasientinformasjon er ein viktig del av behandlinga, og vi vil gjere vårt slik at kvalitetssikra informasjon er tilgjengeleg for pasientar og pårørande. God informasjon gjer at dei lettare kan medverke i førebuingar, behandlingsval og ta i bruk hjelpemiddel for heimebehandling og overvaking av eiga helse. Dette gjeld særleg personar som lever med langvarig sjukdom og skade.
Pasientar som har kunnskap om eigen tilstand er betre rusta til å meistre ein kvardag med sjukdom. Digitale og/eller fysiske lærings- og meistringskurs må vere ein del av pasientforløpa og gjerast meir kjent for pasientar og pårørande. Læring og meistring som inkluderer kunnskap om tilpassa ernæring og fysisk aktivitet, blir viktig for å lukkast med å førebygge og dempe behovet for helsetenester framover. For å få til dette styrker vi samarbeidet om lærings- og meistringsaktivitetar med kommunehelsetenesta og pasient- og brukarorganisasjonar lokalt og nasjonalt.
Korleis veit vi at vi er på rett veg?
- Delen medarbeidarar med pasientkontakt som har gjennomført kommunikasjonskurs aukar
- Gjeldande nasjonale behandlingstekstar er tatt i bruk for alle behandlingar vi tilbyr (3)
- Pasienterfaringar viser at pasientane er fornøgde med informasjonen dei fekk og korleis dei vart involvert i behandlinga
- Talet på kurs i læring og meistring og talet på pasientar og pårørande som deltek, aukar
- Bruk av fjernrapporterte data frå medisinsk-teknisk utstyr aukar