Gjennom styringa av verksemda veit vi om vi er på rett veg

For å styre sjukehuset og nå måla våre planlegg, gjennomfører, evaluerer og justerer vi, jf. forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta. I eit heilskapleg styringssystem ser vi pasienttryggleik og arbeidsmiljø i samanheng.

En kvinne som presenterer med en skjerm i bakgrunnen
Marit Lieng er administrerande direktør i Helse Bergen.

Korleis det overordna planverket og styringa heng saman, går fram av figuren under.

Grafisk fremstilling av sammenhengen i planverket. De går fra Nasjonale og regionale føringer til Utviklingsplan til Handlingsplaner for hele sykehuset til ulike enheter og til slutt er det årlige evalueringer.
Figur 2: Samanhengen i planverket for Haukeland universitetssjukehus.

 

Utviklingsplan 2026-2040 for Haukeland universitetssjukehus er del av eit planhierarki. I tillegg til lover og forskrifter tar den utgangspunkt i Nasjonal helse- og samhandlingsplan 2024-2027 og andre nasjonale, strategiske føringar. Utviklingsplanen tar òg opp i seg føringane i Regional utviklingsplan 2027-2041 for Helse Vest. Vi legg dei regionale styringsprinsippa til grunn når vi vel tiltak, fordeler ressursar, vurderer investeringar og utviklar tenestene. For Haukeland universitetssjukehus betyr det at vi prioriterer etter nytte, ressursbruk og alvor. Vi held oss til dei rammene personell, økonomi og tilgjengeleg kapasitet set, og vurderer drift, utvikling, investeringar og beredskap samla.

Nivå 2-einingane fastset kva tiltak dei må gjere for å nå måla i utviklingsplanen i sine eigne handlingsplanar. Utviklingstiltak som gjeld på tvers av heile sjukehuset, går fram av sjukehusovergripande handlingsplanar. Måla i utviklingsplanen legg òg føringar for dei strategiske prosjekta og programma i sjukehuset, mens felles mål og tiltak for samhandlinga med kommunane går fram av strategi og handlingsplan for Helsefellesskapet.

Vi brukar indikatorar frå drifta og nasjonale verksemds- og kvalitetsdata for å følge utviklinga og samanlikne oss med andre. Indikatorane under kvart av måla i utviklingsplanen blir rapporterte i leiarlinja i heile sjukehuset og opp til styret gjennom rapport frå verksemda. I årleg melding og leiinga sin gjennomgang evaluerer vi korleis vi ligg an i høve til måla. På bakgrunn av dette framhevar 
leiinga kva sjukehuset skal ha særskilt merksemd på det kommande året. 

Forbetringsmetodikk ligg til grunn for korleis vi utviklar sjukehuset. Pasientperspektivet skal prege alt vi gjer. Utvikling skjer gjennom dyktige, engasjerte og involverte medarbeidarar, i samspel med forsking, innovasjon og utdanning. Vi vil vere opne om prioriteringane vi gjer, og bruke ressursane der dei gir størst nytte for pasientane.

 

Grafisk fremstilling der det står Respekt, tryggleik, kvalitet i midten - omkranset av fire sirkler der det står 1. Pasientperspektiv i alt vi gjer 2. Dyktige, engasjerte og involverte medarbeidarar 3. Openheit om prioriteringar 3. Forsking, innovasjon og utdanning som utviklar tenestene. I en sirkel rundt hele sirkelen står det Planlegge, gjennomføre, evaluere, korrigere.
Figur 3: Korleis vi jobbar for å vidareutvikle sjukehuset. Kjelde: Strategi for Haukeland universitetssjukehus 2017-2022.

 

Sist oppdatert 30.10.2026