Vi brukar operasjons- og intensivkapasiteten godt og har rett kapasitet og kompetanse
Nødvendig operasjon utan for lang ventetid er viktig for pasientane og for å oppretthalde tilliten til den offentleg finansierte helsetenesta. Tilstrekkeleg og tilpassa kapasitet for kirurgi, postoperativ- og intensivbehandling er vesentleg for å handtere den forventa veksten.

Vi legg til grunn at nasjonale føringar om å samle høgspesialisert og lågvolumkirurgi i større fagmiljø gjer at vi som regionssjukehus må planlegge for ein større vekst enn dei andre sjukehusa i regionen.
Den tryggingspolitiske situasjonen gjer at vi må ta høgde for auka behov for operasjons- og intensivkapasitet i samband med kriser og krig. For å vere førebudd treng vi oppdaterte planar og regelmessige øvingar for korleis sjukehuset skal bruke kapasiteten når det gjeld areal, utstyr og kompetanse.
Det er framleis potensial for å bruke operasjonsstover og -personell betre gjennom døgnet og veka. Vi vil legge til rette for god pasientflyt og gode lager- og logistikkløysingar når vi skal bygge om. Vidare vil tverrfagleg samarbeid, planlegging, og trygg ansvars- og oppgåvedeling med fleire typar kompetanse vere vesentleg for å bruke kapasiteten betre. Det ligg òg potensial i meir samarbeid på
tvers av avdelingar og behandlingsnivå i sjukehuset.
I åra som kjem, blir det viktigare å prioritere ressursane i operasjonsverksemda til dei rette pasientane, når både behovet for behandling og moglegheitene innan kirurgi aukar. Prioriteringa skjer innanfor og på tvers av fagområda, både på systemnivå og i den daglege kliniske verksemda. Kloke val er òg viktige i operasjonsverksemda, der vi samanliknar oss med andre sjukehus for å hindre uønskt variasjon og over- og underbehandling.
Korleis veit vi at vi er på rett veg?
- Utnyttinga av tildelt operasjonstid er i snitt over 80 prosent
- Talet på strykingar av operasjonar er under 5 prosent
- Gjennomsnittleg ventetid til start av behandling går ned og nærmar seg målet på 60 dagar i operasjons- og intensiveiningane
- Årsverk for fagarbeidarar og andre relevante personalgrupper aukar i operasjons- og intensiveiningane, ref. plan for kompetanse