Vi har eit godt arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar og leiarar som er trygge, trivst og medverkar til å utvikle tenestene

Sjukehuset skal vere ein attraktiv arbeidsplass, med eit arbeidsmiljø prega av trivsel, medverknad og fagleg og psykologisk tryggleik, og med rom for etisk refleksjon.

To menn og to kvinner i sykehusuniformer

Gode arbeidsplassar er eit mål medarbeidarar, leiarar, tillitsvalde og vernetenesta må medverke til for å nå.  Vi veit også at det er samanheng mellom godt arbeidsmiljø og pasienttryggleik. Vi vil styrke arbeidet med risikovurderingar, lære av avvik og det som går bra, og evaluere effekten av tiltak vi set i verk. Vår erfaring er at vi finn dei beste løysingane når medarbeidarar, leiarar, tillitsvalde og vernetenesta samarbeider. Slik vidareutviklar vi forbetringskulturen i sjukehuset.

Å behalde, utvikle og rekruttere medarbeidarar krev systematisk arbeid med kompetanseutvikling, leiarutvikling og tiltak som førebygger sjukefråvær og belastning. Målet er eit arbeidsmiljø som gjer at fleire vil og kan jobbe meir og lenger, og opplever meistring gjennom heile yrkeslivet. 

Vi vil jobbe for å styrke det tverrfaglege samarbeidet med ei trygg ansvars- og oppgåvedeling som bidrar til god bruk av kapasitet og kompetanse i sjukehuset. Samtidig vil vi ta i bruk teknologi som frigjer tid og gjer arbeidskvardagen enklare, slik at medarbeidarane får brukt kompetansen sin der det er behov. Dette rustar oss for ei framtid med meir avgrensa tilgang til personell.  

Vi vil òg legge til rette for gode introduksjonsprogram, tydelege karriere- og utviklingsmoglegheiter og livslang læring. Dette skjer mellom anna gjennom interne opplæringsprogram, vidare- og etterutdanningstilbod, rotasjonsordningar og kombinerte stillingar på tvers av einingar og verksemder.  

Leiarane treng støtte, handlingsrom og kompetanse til å leie i endring, følge opp medarbeidarar og vidareutvikle arbeidsmiljøet. God leiing er ein føresetnad for å behalde og utvikle kompetanse i tenestene. Korleis arbeidet i einingane er organisert, påverkar leiarane sine moglegheiter til å utvikle både arbeidsmiljø og kvaliteten i tenestene.

 

Korleis veit vi at vi er på rett veg?

  • I ForBedringsundersøkelsen svarer minimum 85 prosent «helt/litt einig» på temaa engasjement, medverknad, arbeidsforhold og tryggleiksklima
  • Sjukefråværet går ned og nærmar seg den regionale målsettinga på under 5,5 prosent
  • Tilfelle av forkorta kviletid mellom vaktar skal vere eit minimum og ikkje overstige 15 i ein arbeidsplanperiode på 52 veker
  • Delen gjennomførte medarbeidarsamtalar er over 80 prosent
  • 85 prosent av leiarane har gjennomført kurset «Lederrollen, HMS og kvalitetsforbedring» i løpet av dei siste 10 åra 
  • 10 prosent av medarbeidarane har gjennomført kurs i forbetringsmetodikk 
  • Talet på nivå 2-einingar med plan for kompetanse aukar 
Sist oppdatert 28.10.2026