Mål 5

Poliklinikkane gir pasientane koordinerte, føreseielege og fleksible tenester til rett tid

Dagbehandling og det polikliniske pasienttilbodet har høgt volum, og veksten fram mot 2040 vil ha stor påverknad på tilbodet vårt. Fleire pasientar kjem til å vere i forløp når levealderen aukar og vi får fleire behandlingsmoglegheiter. Vi vil ta ned uønskt variasjon i tilbodet og redusere unødvendig undersøking, behandling og kontrollar, mellom anna gjennom arbeidet med kloke val.

En person som måler blodtrykket på et barn i en sofa

For å gje spesialisthelsetenester av god kvalitet må vi ha tilstrekkeleg kapasitet til undersøking og behandling i tråd med dei nasjonale målsettingane for ventetid. Samstundes vil vi digitalisere der vi kan, slik at løysingane er fleksible for pasientane og vi brukar den fysiske kapasiteten i poliklinikkane til dei pasientane som treng meir avanserte undersøkingar og tverrfagleg samarbeid. 

Digitale skjema, andre former for digital dialog og data frå medisinsk-teknisk utstyr har stort potensial i poliklinikkane. Dette er verktøy som gjer det mogleg å vurdere kven som treng å komme til fysisk konsultasjon, tilpasse oppfølginga til kva pasientane har behov for og redusere arealbehovet. Ambulante polikliniske tilbod og heimesjukehus vil vere aktuelt i fleire einingar, og er bra for pasientar som har vanskar med å nyttiggjere seg ordinær poliklinikk. Det kan òg bidra til god 
bruk av døgnplassar og poliklinisk kapasitet. 

Eit langsiktig perspektiv i planlegging av poliklinikkaktiviteten gir tryggleik for pasientane og kan bidra til å redusere meirarbeid i poliklinikkane. Samordning av oppgåver og ressursar bidrar til heilskapleg pasientbehandling og at medarbeidarane får brukt kompetansen sin godt. Automatisering av administrative oppgåver har stort potensial til å frigjere tid til pasientnære oppgåver i poliklinikkane. 

 

Korleis veit vi at vi er på rett veg?

  • Gjennomsnittleg ventetid for start av helsehjelp er i høve til nasjonale målsettingar 
  • Gjennomsnittleg ventetid til start av behandling går ned og nærmar seg målet om 60 dagar 
  • 95 prosent av pasientane med rett til nødvendig helsehjelp får tildelt time direkte 
  • Det er god balanse mellom talet på nytilviste pasientar og talet på avslutta forløp i poliklinikk 
  • Digital skjemabasert oppfølging og bruk av data frå medisinsk-teknisk utstyr aukar 
  • Minimum 20 prosent av dei polikliniske konsultasjonane skjer over telefon og video  
  • Tilgjengeleg automatisering av administrative arbeidsoppgåver er tatt i bruk  
  • Pasienterfaringar viser at pasientane er fornøgde med tilbodet i poliklinikkane  
Sist oppdatert 28.10.2026