Utvikling som påverkar oss og behova vi skal dekke

Det overordna biletet er at folk i Noreg får helsetenester av god kvalitet når dei treng det, og vi har gode resultat for overleving når vi blir alvorleg sjuke eller skada. Helsetenesta har god dekning av både sjukepleiarar og legar, og vi har høg grad av digitalisering som gjer oss meir effektive. Dette rustar oss til å takle utfordringane vi veit kjem.

En eldre mann ligger i en sykehusseng mens han blir undersøkt av en kvinne i hvit uniform.

For utfordringsbiletet er kjent: I åra som kjem må spesialisthelsetenesta saman med kommunane handtere ei aldrande befolkning, pasientar med fleire leveår prega av sjukdom og eit samfunn der sosial ulikskap påverkar helsa. Tilstrekkeleg tilgang på helsepersonell med rett kompetanse vil bli ei utfordring, både for spesialisthelsetenesta og særleg for kommunane. Vi må førebu oss på at dei økonomiske rammene blir strammare, og vi må styrke beredskapen for å sikre dagleg drift og handtere konsekvensar av kriser og krig. 

Haukeland universitetssjukehus hadde per 1. januar 2026 ansvar for spesialisthelsetenester til om lag 480 000 innbyggarar. Det er venta ein auke på seks prosent fram til 2040, det vil seie rundt 30 000 fleire innbyggarar. Det meste av veksten skjer i aldersgruppene over 60 år, og dette vil ha ein vesentleg påverknad på kapasitetsbehovet i sjukehuset. Eldre har ofte fleire og samansette sjukdommar, og dei utgjer ein stor del av dei 10 prosentane som brukar meir enn halvparten av 
liggedøgna i sjukehuset. 

Tabellen under viser berekna endring i aktivitet i sjukehuset fram mot 2040. Pasientvolumet er størst i poliklinikk, og i tal er aktivitetsveksten høgast i den polikliniske verksemda. Samstundes vil veksten i døgnbehandlinga både i somatisk sektor og psykisk helsevern for vaksne utfordre oss.

Framskriving av aktivitet frå 2025 til 2040 ved HUS
Type aktivitet Somatikk  Psykisk helsevern 
for vaksne  
Psykisk helsevern 
for barn og unge
Tverrfagleg spesialisert 
rusbehandling 
 
Liggedøgn   +35 500 (15%)  +7 000 (12%) Ingen 
endring
+500 (1 %)  
Polikliniske 
konsultasjonar 
 +143 000 (18%)   +13 000 (11%)   -2 000 (-3%) +13 000 (14%)  

Kjelde: Framskriving av aktivitet i Helse Vest

Vi lever lenger enn før og får fleire friske leveår. Samstundes har mange sjukdom eller helseplager i fleire leveår enn tidlegare, og mange lever lenger med kroniske sjukdommar.

Eit tydeleg trekk er at utfordringane i aukande grad handlar om langvarige og samansette helseplager heller enn akutt sjukdom. Psykiske lidingar, særleg blant barn, unge og personar i yrkesaktiv alder, utgjer ein stor del av sjukdomsbyrda. Samstundes vil fleire leve med kreft, demens og andre nevrologiske og kroniske sjukdommar når befolkninga blir eldre. (4-5) 

Folkehelseoversikter peikar òg på at utfordringane ikkje er likt fordelte. Utdanning, inntekt, deltaking i arbeidslivet og levekår påverkar både livskvalitet, sjukdomsrisiko og levealder. Sjølv om folkehelsa generelt sett er god, finst det tydelege forskjellar mellom grupper og lokalsamfunn. (6) 

Vi veit at behovet for arbeidskraft i den samla helse- og omsorgstenesta vil auke som følge av ei aldrande befolkning. Samstundes vil ikkje tilgangen på helsepersonell framover møte etterspurnaden. (7) Det er særleg sjukepleiarar og helsefagarbeidarar det vil bli mangel på, men tenesta er òg avhengig av andre typar kompetanse, mellom anna drifts- og servicepersonell og teknisk personell, som det kan bli krevjande å rekruttere. Når det gjeld legar og psykologar, indikerer framskrivinga i Helsepersonellplan 2040 eit overskot i åra fram mot 2040. (8)

Dei kommunale helse- og omsorgstenestene vil ha dei største utfordringane. Rekrutteringa til Haukeland universitetssjukehus vil truleg vere enklare all den tid vi er det nest største sjukehuset i landet, er tilknytt universitet og høgskuler og er del av ein større arbeidsmarknad i Bergensregionen. Samstundes kan det vere krevjande å dekke kompetansebehova i spisse endar av nokre fag. 

Sjølv om vi klarer å rekruttere tilstrekkeleg personell, kan manglande kapasitet i kommunane i opptaksområdet gi større belastning på spesialisthelsetenesta i form av fleire innleggingar, forseinka utskrivingar og dårlegare pasientforløp. Riksrevisjonen peikar på store skilnader i korleis kommunane brukar sjukehusa. Mange pasientar som kunne vore behandla i kommunane, blir i staden innlagde. (9) Dei seier òg at statlege verkemiddel, for eksempel kommunal betaling for utskrivingsklare pasientar, ikkje fungerer godt nok.

Haukeland universitetssjukehus hadde per 2026 over 14 000 tilsette fordelte på nærare 10 000 årsverk, og vi har dei siste åra hatt ein relativt stor auke i talet på medarbeidarar. Tabellen under viser korleis talet på psykologar, legar og sjukepleiarar har auka dei siste ti åra. (10) Talet på helsefagarbeidarar er redusert i same periode. 

Tabell 2: Brutto månadsverk januar 2015 - 2026
  Brutto månadsverk 2015  Brutto månadsverk 2026 Endring 2015-2026
Psykologar  289 450  161 (56%)
Legar  1206 1726 520 (43%)
Sjukepleiarar, inkl. jordmødrer  3037 3850 813 (27%)
Sekretærar, konsulentar, helsesekretærar  635 712 77 (12%)
Helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar  322  262  - 60 (-19%)

Kjelde: HR-kuben

Medarbeidarsamansetninga ved sjukehuset gjer at effekten vi kan få av tiltaka i Helsepersonellplan 2040 vil variere. På nokre område er det framleis meir å hente, mens potensialet på andre område allereie langt på veg er realisert. Sjukehuset har til dømes ein tydeleg heiltidskultur og moglegheita for å auke medarbeidarane si stillingsprosent er i stor grad utnytta. Samstundes ligg det potensial i å redusere sjukefråværet, som dei seinare åra har vore mellom 7 og 8 prosent, og i å få fleire medarbeidar til å stå lenger i arbeid.

Helsetenesta står overfor eit meir komplekst risikobilete enn tidlegare. Auka avhengigheit av eksterne aktørar, digitale løysingar og globale forsyningskjeder gjer oss meir sårbare for hendingar vi i mindre grad kan påverke. Klimaendringar forsterkar risikoen ytterlegare gjennom meir ekstremvêr, påverknad på mat-, straum- og vassforsyning og utbreiinga av smittsame sjukdommar. I 2026 står vi i den mest alvorlege tryggingspolitiske situasjonen sidan andre verdskrig. Organisert digital 
kriminalitet og statlege aktørar trugar sjukehuset både i ordinær drift og i krise og krig. (11) 

Krigen mellom Russland og Ukraina har aktualisert helsetenesta si rolle i totalforsvaret. Vi må kunne handtere masseskadar, evakuering og redusert tilgang på personell, utstyr og forbruksvarer, samstundes som andre samfunnsfunksjonar kanskje blir svekka. I dette trusselbiletet inngår òg faren for kjemiske, biologiske, radiologiske og nukleære hendingar, noko som stiller særskilde krav til beredskapen i form av kompetanse, utstyr og samhandling. 

Krigar dei seinare åra har òg vist korleis moderne krigføring kombinerer militære med ikkje-militære verkemiddel som rammar sivilsamfunnet. Digital infrastruktur blir brukt for å påverke, desinformere og sabotere. At Noreg er eitt av dei mest digitaliserte landa i verda og at helsetenesta er sterkt avhengig av IKT-system frå regionale, nasjonale og internasjonale leverandørar, gjer oss utsette.

I både beredskapssituasjonar og i ordinær drift treng vi stabile leveransar av legemiddel, medisinsk utstyr og smittevernutstyr. Covid-19-pandemien viste kor raskt globale forsyningskjeder kan svikte, og korleis land prioriterer eigne behov. Drifta er òg avhengig av stabil straum- og vassforsyning. Sabotasje og klimahendingar som påverkar dette kan få alvorlege konsekvensar for pasientbehandlinga og pasient- og informasjonstryggleiken.

Pandemiar og smittsame sjukdommar utgjer ein vedvarande risiko, og nye og alvorlege utbrot er sannsynlege. Nye pandemiar vil få store konsekvensar for helse, samfunn og økonomi. Inngrep i naturen, klimaendringar og aukande antibiotikaresistens forsterkar risikoen, og effektiv handtering føreset både nasjonal og lokal kapasitet og internasjonalt samarbeid.

Det er ikkje mogleg å eliminere all risiko, noko som stiller krav til robust og fleksibel planlegging og drift. Investeringar i beredskap gjer oss betre rusta til å handtere kriser og bidrar samtidig til stabil og effektiv dagleg drift. Beredskap er derfor ein integrert del av den daglege verksemda.

Sjukehuset sine økonomiske rammer blir påverka av den økonomiske utviklinga i Noreg. Perspektivmelding 2024 peikar på at offentlege utgifter vil auke, medan inntektene minkar frå 2030. Dette reduserer handlingsrommet i statsbudsjetta. (12) I tillegg krev den tryggingspolitiske situasjonen at Noreg prioriterer å styrke forsvaret og den nasjonale beredskapen. Signala er tydelege. Krava til prioritering og god ressursbruk vil bli skjerpa i heile offentleg sektor.

Den økonomiske ramma til Haukeland universitetssjukehus består i hovudsak av rammetilskot og aktivitetsbaserte inntekter. I 2026 utgjer dei aktivitetsbaserte inntektene under ein tredjedel av dei samla midlane vi får tildelt. Sjukehuset kan derfor ikkje basere økonomisk berekraft på auka aktivitet, men må tilpasse planar og drift til tildelte budsjettrammer. (13) Ramma skal dekke drifta og kapital til vedlikehald og investeringar. Det er lite truleg at dei samla løyvingane vil auke, sjølv om staten legg om finansieringa av investeringar i spesialisthelsetenesta. 

Fram mot 2041 er dei årlege driftsbudsjetta på mellom 18 og 21 milliardar kroner, der løn utgjer om lag 70 prosent. I økonomisk langtidsplan er det lagt opp til noko auke i lønskostnaden, medan andre område, som kostnad til legemiddel og IKT, aukar relativt meir, jf. søylene nedanfor. Det betyr at ikkje berre tilgangen på personell, men òg dei økonomiske rammene, vil gjere personalressursar meir avgrensa framover.

Figur 4: Langtidsbudsjettet i femårsintervall 2026-2041. Fordeling av kostnadsområde og utvikling forbetringskrav drift.

Sjukehuset har store investeringsbehov. I økonomisk langtidsplan er det for perioden 2027-2041 planlagt å bruke til saman 36 milliardar på bygg, medisinteknisk utstyr, vedlikehald med meir. Årleg utgjer dette mellom 1 og 4 milliardar kroner i investeringar, der oppgraderinga av Sentralblokka er det største enkelttiltaket med høgast prioritet. (14)  

Vi må sette av midlar til investeringar, rente- og avskrivingskostnader innanfor den tilgjengelege budsjettramma kvart år. I 2026 er det sett av 1,1 milliardar kroner til dette, jf. oransje linje i figuren over. I 2041 må dette auke til 2,2 milliardar kroner dersom dei planlagde investeringane i Økonomisk langtidsplan skal bli gjennomførte. Skal vi ha økonomisk berekraft til å fornye bygg og medisinsk-teknisk utstyr og løyse samfunnsoppdraget vårt, må vi betre driftsøkonomien med til saman 1 milliard kroner i åra fram mot 2040. Det er difor avgjerande at vi omstiller oss og held drifta innanfor dei tildelte budsjettrammene. Slik sikrar vi vidare utvikling av sjukehuset. 

 

Sist oppdatert 30.10.2026