Areal- og organisasjonsutvikling for framtida
Haukeland universitetssjukehus treng å investere over 30 milliardar kroner i bygg og vedlikehald i åra fram mot 2040. Pasienttryggleik, gode arbeidsmiljø og beredskap er overordna mål når vi utviklar areala.

Kvaliteten i det kliniske tilbodet, arbeidsprosessar og pasientforløp ligg alltid til grunn for prosjekta. Vi ser derfor organisasjons-, teknologi- og arealutvikling i samanheng når vi planlegg og bygger.
Dei planlagde investeringane fordeler seg på ein kombinasjon av nybygg og ombygging av eksisterande bygg. Vi tek vare på eksisterande verdiar, reduserer ressursforbruket og legg til rette for berekraftig utvikling gjennom målretta gjenbruk og ombygging på sjukehuset. Når vi planlegg, vil vi lære av prosjekta vi har gjennomført, erfaringar frå andre store sjukehusprosjekt, og bruke Sykehusbygg si kompetanse når vi skal vidareutvikle areal og organisasjon.
I planlegginga av areal, teknologi og organisasjon, må vi finne ein god balanse mellom arealeffektivitet og flyteffektivitet. Det betyr at vi både må utnytte areala godt og legge til rette for effektive arbeidsprosessar som gir minst mogleg ventetid for pasientar og medarbeidarar. Reint fokus på arealeffektivitet kan gi for små areal, mens reint fokus på flyteffektivitet i kjerneverksemda kan gi dårleg utnytta areal. Helsepersonellkommisjonen tilrådde auka merksemd på flyteffektivitet i ein situasjon med mangel på helsepersonell. Sykehusbygg peikar òg på denne balansen og seier at flyteffektivitet i kjerneverksemda bør ha større vekt. (20)
Arealbehova blir òg påverka av kor store delar av døgnet areala er i bruk og talet på driftsdagar gjennom året. Utvida driftstid kan auke arealutnyttinga og blir allereie nytta for å handtere kapasitetsutfordringar og lange ventelister. Meir direkte pasientretta tid kan krevje endringar i arbeidstida og dermed gi auka behov for personell og høgare kostnader. Det må vi ta omsyn til når vi planlegg framtidig kapasitet. Samstundes veit vi at det er potensial for å auke aktiviteten gjennom
jamnare drift innanfor den ordinære arbeidstida og gjennom veka, og det er potensial for meir sambruk av areal og personell mellom einingar med liknande aktivitet. For å få dette til treng vi framleis ei løysing for oversikt og bestilling av rom og utstyr på sjukehuset.
I arealforvaltning og -utvikling må vi gjennomføre planar for teknisk vedlikehald og sikre robust infrastruktur for straum- og vasstilgang og kommunikasjonsløysingar. Vi må òg sikre driftskritiske IKT-system og gode reserveløysingar ved uønskte hendingar, kriser og krig. Når vi planlegg nye areal, må vi ta høgde for at dei kan bli omdisponerte til anna formål i krisesituasjonar. Vi har i dag god tilgang på tilflukts- og dekningsrom på sjukehusområdet, og denne beredskapen skal vi òg ivareta i nye bygg og areal.
Poliklinisk aktivitet på sjukehuset er avansert og krev ofte spesialisert utstyr. Undersøking og behandling av pasientar er flytta frå døgneiningar til poliklinikk og dagbehandling, og frå operasjonsstover til polikliniske prosedyrestover. I poliklinikkane skjer alt frå enkle undersøkingar som EKG og ultralyd til avanserte funksjonstestar, endoskopiske undersøkingar og dagkirurgi.
I poliklinikkane er det venta mellom 11 og 18 prosent vekst i dei ulike sektorane, jf. tabell 1. I somatisk sektor er det variasjon i vekstrate mellom faga, som mest av alt er forklart av befolkningsutviklinga: Augeavdelinga og Kreftklinikken har størst forventa vekst, mens Barne- og ungdomsklinikken og Klinikk psykisk helsevern for barn og unge har ei forventa nedgang i aktivitet fram mot 2040. (21)
Medisinsk forsking, innovasjon og utvikling gir fleire behandlingsmoglegheiter og vil, saman med befolkningsutviklinga, auke etterspurnaden etter poliklinisk kapasitet. Det er samstundes risiko for at vi driv overdiagnostikk og overbehandling, og det er behov for å gjere kloke val slik at vi gir rett tilbod til dei rette pasientane.
Digitale helsetenester, som behovsstyrt oppfølging, asynkron dialog, telefon- og videokonsultasjonar og datafangst frå medisinsk-teknisk utstyr, vil kunne redusere behovet for behandlingsrom i poliklinikkane. Mange pasientar vel digitale løysingar når dei kan fordi det gjer oppfølginga enklare å kombinere med arbeid og skule. Her ligg det framleis eit unytta potensial, og vi må legge til rette for areal tilpassa digitale konsultasjonar.
Ambulante team og heimesjukehus flyttar helsetenester heim til pasientane, og kan erstatte både polikliniske tilbod og behandling på sengepostane. For pasientar og pårørande kan slike tilbod redusere reisebelastninga og gjere det lettare å oppretthalde kvardagslivet under behandlinga. Når vi vel slike løysingar, må vi vege kostnader og nytte mot kvarandre. Aktiviteten på sjukehuset vil i større grad vere konsultasjonar som krev tverrfagleg samarbeid, intervensjonar og meir avansert
utstyr.
På sengepostane får pasientar behandling, observasjon og pleie, og dei er sjukare og treng meir hjelp no enn før. Rett dimensjonering av sengepostane er viktig for pasienttryggleiken, arbeidsmiljøet og berekraftig drift. Framskrivingar viser ei viss auke i behov for liggedøgn i somatisk sektor og psykisk helsevern fram mot 2040, mens behovet er tilnærma uendra i tverrfagleg spesialisert rusbehandling, jf. tabell 1. Mottaksklinikken, Lungeavdelinga, Hudavdelinga og Medisinsk klinikk har høgast forventa vekst, mens Kvinneklinikken, Barne- og ungdomsklinikken og Rus- og avhengigheitsklinikken har tilnærma null vekst i liggedøgn fram mot 2040. (22)
Standardisering av pasientrom, organisering og arbeidsprosessar er viktig når vi vidareutviklar sengeareala. Standardisering vil gi større fleksibilitet i bruk av kapasitet og kompetanse når aktiviteten og pasientsamansettinga endrar seg. Når einingar er standardiserte og medarbeidarane er trygge på at dei har nødvendig kompetanse, kan dei i større grad òg jobbe på tvers. Ved utvikling av nye sengeareal er nærleik til diagnostikk og behandlingsfunksjonar som operasjon, intervensjon, intensiv og overvaking viktig for å sikre god pasientflyt og effektive pasientforløp.
Når vi bygger nye somatiske sengeareal, blir det fleire einerom enn i dag for å betre smittevern, pasienttryggleik og personvern. Dette vil vi kombinere med fleirsengsrom slik at vi òg kan handtere behov for overvaking og kohortisolering om det blir behov for det. I psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling er einerom hovudregelen.
Tilgangen på helsepersonell vil vere ei utfordring for heile sjukehuset og ha særlege konsekvensar for dei døgnbemanna sengepostane. Vi vil vidareutvikle organiseringa av sengepostarbeidet og fordele ansvar og oppgåver på fleire faggrupper, særleg i ressurskrevjande einingar som intensiv- og overvaking, men òg i ordinære sengepostar. Klinisk personell skal i størst mogleg grad bruke tida på pasientretta arbeid, medan støtte- og serviceoppgåver kan bli løyst av andre faggrupper eller ved hjelp av teknologi. Eit konkret eksempel på det siste er at framtidas legemiddelhandtering i større grad vil vere standardisert og automatisert, frå lagerstyring og klargjering til utdeling hos pasienten. Målet er tryggare legemiddelhandtering og å frigjere tid for sjukepleiarane til anna pasientretta arbeid.(23) Konseptet er òg aktuelt i poliklinikkane og i operasjons- og intensivverksemda.
Det er venta ei vidare sentralisering av kirurgien framover, både i kreftkirurgi og på andre fagområde. Vi vil auke kapasiteten gjennom å utvide og modernisere operasjonsstover, pre- og postoperativ kapasitet og lager- og logistikkfunksjonar. Ny teknologi vil påverke både kapasitet, planlegging og organisering av verksemda, og bruken av avansert utstyr og integrerte behandlingsløysingar i operasjonsområda vil auke. Teknologi og digitale støtteverktøy vil kunne få ei viktig rolle i overvaking og oppfølging av pasientar, og bidra til betre bruk av knapp kompetanse.
Den faglege utviklinga tilseier meir dagkirurgi og samedagskirurgi, noko som gir kortare opphald på sjukehuset. Det føreset at operasjonsstover, preoperative og postoperative løysingar blir utforma for å understøtte desse forløpa. Dedikerte prekirurgiske mottak og klargjeringsareal vil avlaste og flytte aktivitet frå sengepost til operasjonsområdet. Samtidig må operasjonskapasiteten ha tilstrekkeleg fleksibilitet til å handtere både planlagd og akutt aktivitet, og endringar i denne i tråd med framskrivingane.
Ved utvikling av nye areal kan vi auke flyteffektivitet ved å samle funksjonar. Dette vil òg styrke pasientflyt, samarbeid og ressursutnytting. Intensiv-, overvakings- og postoperative senger må planleggast i samanheng for å unngå flaskehalsar og legge til rette for at medarbeidarane kan jobbe på tvers av desse einingane. Operasjons-, intensiv- og overvakingseiningar bør lokaliserast og organiserast slik at dei understøttar raske og samanhengande pasientforløp, med kort avstand til
akuttmottak, radiologiske undersøkingar og andre kritiske funksjonar.
For operasjonskapasiteten ligg det potensial i tidlegare oppstart om morgonen og kortare byttetid. Det er forbetringsarbeid på gong for å få dette til. Meir fleksibel bruk av operasjonsstovene på tvers av fag kan òg betre utnyttinga av den samla kapasiteten. Det er venta at ny sterilforsyning vil forbetre logistikken og legge til rette for auka sambruk av kirurgisk utstyr mellom operasjonseiningane.
Rett prioritering av ressursane blir viktig i møte med auka behov. Dette gjeld både overordna kapasitetsstyring og daglege prioriteringar i klinikkane. Vi vil auke bruken av skåring for å identifisere pasientar over 70 år som treng grundigare vurdering, for å førebygge komplikasjonar og velje rett behandlingsnivå. Kloke val er òg viktig i operasjonsverksemda. Samtidig er det behov for å vidareutvikle bemanningsmodellar gjennom auka fleksibilitet, oppgåvedeling og god bruk av kompetanse på tvers av profesjonar. Dette er nødvendig for å sikre berekraftig drift når vi veit at behovet for operasjonskapasitet aukar.
Laboratorietenestene er grunnleggande for diagnostikk, behandling og oppfølging av pasientar. Framtidig utvikling handlar om meir enn sjølve analysane. Effektiv prøvelogistikk, samla prøvemottak og korte transportvegar blir viktige for å redusere svartider og styrke pasientforløpa.
Auka automatisering, digitale løysingar, pasientnær analysering og kunstig intelligens vil prege utviklinga framover. Dette kan gi raskare og meir presise prøvesvar, betre ressursutnytting og auka kapasitet for å møte veksten i behovet for laboratorietenester. Kloke val vil vere viktig for å sikre at diagnostikken gir verdi for pasientane gjennom å redusere unødig prøvetaking, gi målretta utgreiing
og bruke ressursane slik at dei gir meir nytte for pasientane.
Presisjonsmedisin vil få større betydning. I første omgang vil utviklinga vere knytt til DNA-basert diagnostikk, medan kombinasjonar av genetiske data, biomarkørar og annan laboratorieinformasjon etter kvart vil gi betre grunnlag for diagnostikk, prognosevurdering og val av behandling. Dette vil bidra til meir persontilpassa og treffsikker pasientbehandling.
Utviklinga innan bildediagnostikk og bildestyrt behandling gir nye moglegheiter, men stiller samtidig større krav til prioritering, kapasitet og effektiv bruk av kompetanse og utstyr.
Vi vil tilby riktig diagnostikk og behandling til pasientar som har nytte av det, og styrke samarbeidet mellom Radiologisk avdeling og dei kliniske einingane for å sikre kvalitet, kloke val og berekraftig ressursbruk. Radiologitenestene skal organiserast slik at dei best mogleg støttar pasientforløp for akutte, innlagde og polikliniske pasientar. Målet er betre flyt, kortare ventetid og meir føreseielege tenester, særleg for akutte og kritisk sjuke pasientar.
Veksten i behovet for radiologiske tenester gjer det nødvendig å sjå kapasiteten i heile opptaksområdet under eitt. Eit tettare samarbeid på tvers av sjukehus og med ideelle og private leverandørar, kan bidra til betre ressursutnytting og auka kapasitet. Innføring av felles systemløysingar, samarbeid om granskingskapasitet og meir bruk av teleradiologi og kunstig intelligens vil vere viktige verkemiddel.
Ein betydeleg del av dei radiologiske undersøkingane sjukehuset treng, blir i dag utførte av private leverandørar. Det er eit strategisk spørsmål i kva grad sjukehuset skal bygge opp eigen kapasitet og kompetanse, eller vidareføre ein modell med kjøp av tenester. Vala på dette området vil ha konsekvensar for utstyr, personell og fagleg utvikling.
Radiologitilbodet skal utviklast i takt med behova til pasientane og legge til rette for vidare utvikling av avansert diagnostikk, bildestyrt behandling og persontilpassa medisin.