Ny teknologi vil påverke korleis vi organiserer tilboda våre framover. Utviklinga går raskt, og vi treng betre strukturar og prosessar for å klare å ta i bruk og vidareutvikle teknologi på ei trygg og effektiv måte. Teknologi krev investeringar, ikkje berre i innkjøp, lisensar og forvaltning, men òg i opplæring, endring av arbeidsprosessar og arbeid med nytte. Personvern og informasjonstryggleik er vesentlege risikoområde knytt til teknologi i sjukehus, mens òg driftsstabilitet, manglande samsvar med brukarbehov og samhandling mellom ulike system, utfordrar oss.
Målet er teknologi som avlastar, forenklar og fjernar tidstjuvar for medarbeidarane, pasientar og pårørande. Vi vil sikre at nye og eksisterande løysingar treff dei viktigaste behova i sjukehuskvardagen ved å involvere medarbeidarar, pasientar og pårørande i innsiktsarbeid, utvikling og forbetring med brukarsentrerte metodar. Vi ønsker òg at medarbeidarar får prøve ut ny teknologi før løysingane blir kjøpt inn og tatt i bruk, slik vi gjer i sjukehuset sin testarena for teknologi.
Kunstig intelligens (KI) har ei eksponentiell utvikling, og både pasientar og medarbeidarar har i auka grad tilgang på KI-verktøy. Frå nasjonalt hald blir det arbeidd med KI-tenester for pasientar på Helsenorge, med mål om at innbyggarane skal finne kvalitetssikra, generell helseinformasjon der. For sjukehuset kan KI bidra til avanserte analysar og støtte til klinikarane sine avgjersler, og har potensial for å avlaste og betre arbeidskvardagen og pasienthandsaminga. KI introduserer samstundes risiko for mellom anna pasienttryggleik, kvalitet og informasjonstryggleik. Tilstrekkeleg dokumentasjon av nytte og effekt er framleis avgrensa til einskilde verktøy. (18)
Klinikarar ønsker seg KI som forenklar arbeidsoppgåver, forbetrar rom- og kapasitetsplanlegging og kan understøtte kliniske avgjersler. (19) KI-verktøy er i ulik grad modne, og sjukehuset må sikre ei ansvarleg utprøving og bruk av verktøya, og førebu organisasjonen på trygg og god bruk av KI i klinikk. EU sitt regelverk for kunstig intelligens (AI Act) vil bli ein del av norsk lov om kort tid, og stiller krav om betre oversikt og kontroll på korleis KI blir brukt i sjukehuset.
Haukeland universitetssjukehus drar stor nytte av den regionale satsinga på felles IKT-løysingar og infrastruktur i Helse Vest. Som regionsjukehus vil vi vere pådrivarar for digitalisering, bidra til å synleggjere behova til sjukehusa og auke innovasjons- og utviklingstakten. Vi treng samarbeid med pasientar og pårørande, på tvers av helsetenesta og med akademia og næringsliv om vi skal lukkast.