Pasientperspektiv i alt vi gjer

Pasientar og pårørande er ikkje berre mottakarar av tenester. Dei er viktige ressursar i pasientbehandlinga, og pårørande må i større grad bli involvert når pasienten ønsker det. Vi vil gi pasientar kunnskap, verktøy og tilgang til behandlingshjelpemiddel slik at dei kan ta aktiv del i eiga behandling.

Jormor og nybakte foreldre sitter på seng, far med baby på armen. Foto

God kommunikasjon og helsepedagogisk kompetanse er avgjerande for å involvere pasientane i eiga behandling. Vi vil at pasientar og pårørande skal møte medarbeidarar som skaper ei god ramme for konsultasjonen, interesserer seg for deira perspektiv og verdiar, tilpassar informasjonen og involverer dei i avgjerder. Vi brukar ulike kommunikasjonskurs og kurs i helsepedagogikk for å vidareutvikle medarbeidarane sin kompetanse på området.

Pasientinformasjon

Sjukehuset satsar på heilskapleg informasjon slik at pasientar og pårørande får samanhengande og tydelege bodskap i brev, på nett og i anna dialog med sjukehuset. Dette arbeidet krev både prioritering i dei kliniske fagmiljøa og støtte frå stabsfunksjonane. Gjennom den nasjonale databasen for pasientinformasjon (15)  får vi draghjelp. Det ligg framleis stort potensial i betre utnytting av denne ressursen. Per 2026 brukar vi berre om lag 30 prosent av dei tilgjengelege behandlingstekstene på nettsidene våre. (16) 

Opplæring for pasientar og pårørande

Lærings- og meistringssenteret har gruppebasert opplæring for pasientar og pårørande og som skal hjelpe dei å leve med sjukdom og skade. Opplæringstilboda blir utvikla i samarbeid mellom senteret, kliniske einingar og brukarorganisasjonar, og blir jamleg evaluerte og forbetra. Talet på tilgjengelege digitale lærings- og meistringskurs aukar, og digitaliseringa gjer det enklare å dele innhald og nå 
fleire. Vi kan gjere kurstilbodet betre kjent og auke talet på deltakarar, og gjere meir for at læring og meistring blir del av fleire pasientforløp. I evalueringane av gruppebasert opplæring trekk pasientar og pårørande fram møtet med andre i same situasjon som særleg verdifullt. Vi legg derfor til rette for løysningar som kombinerer digitale kurs med fysiske treffpunkt.  

Tenesteutvikling

Vi legg vekt på å vere opne om kvifor og korleis vi prioriterer, og vi har potensial for å involvere pasientar og deira pårørande meir systematisk i tenesteutviklinga. På systemnivå er brukarmedverknad organisert i Brukarutval og Ungdomsråd, og alle kliniske einingar har lokale kvalitets- og pasienttryggleiksutval der pasientar er representerte. Fleire einingar har òg brukarpanel, erfaringskonsulentar og likepersonsordningar som styrker og vidareutviklar tenestetilbodet. 

Sist oppdatert 02.11.2026