Dyktige, engasjerte og involverte medarbeidarar

Medarbeidarane sin kompetanse og engasjement er grunnlaget for kvaliteten i tenestene våre. Haukeland universitetssjukehus har dyktige fagfolk, og vi vil arbeide for at vi òg framover er ein attraktiv arbeidsgivar og utdanningsinstitusjon.

Helsepersonell sitter i sofa foran vindu med utsikt. Foto

Vi vil støtte leiarane i deira endringsarbeid, styrke arbeidet med å behalde, utvikle og rekruttere medarbeidarar og legge til rette for kompetanseutvikling. Vi vil òg sjå på korleis vi organiserer og brukar kompetansen i arbeidet vi gjer kvar dag i sjukehuset. 

Leiing i ein forbetringskultur handlar om dei mindre endringane i kvardagen, dei store omstillingsprosessane og nye, innovative måtar å jobbe på. For å nå måla våre støttar vi opp under og vidareutviklar leiarane sin organisasjons- og endringskompetanse. 

Haukeland universitetssjukehus sine leiarar inviterer til problemløysing ved å vere opne for å teste ut nye idear og løysingar. I ein forbetringskultur vil fleire medarbeidarar delta i utviklinga av sjukehuset, og når medarbeidarane får ansvar, er det meir sannsynleg at endringane blir nyttige og varige. Å ta ansvar kan bety å komme med bekymring og kritikk.

Leiarane må derfor legge til rette for psykologisk tryggleik slik at medarbeidarane veit at deira innspel blir tatt godt imot. Leiarane gir retning for utvikling, og brukar mellom anna eksterne tilsyn, samanlikning av eigne tilbod mot andre og risikovurderingar som kjelder til innsikt. Det grøne korset, tavlemøter og systematisk oppfølging av uønskte hendingar er andre kjelder til forbetring. Desse verktøya gjer at ein i fellesskap kan lære av hendingar, moglege hendingar og av det som går bra. Tverrfaglege team, 
der medarbeidarar frå ulike yrkesgrupper tar ansvar for å utvikle tenestene, er sentralt i forbetringskulturen, og leiarar samarbeider på tvers av einingar om å organisere slike team. 

På alle nivå må leiarane balansere omsynet til fag og budsjett, og utfordringane vi står overfor vil krevje større endringar og omstillingar enn tidlegare. Korleis arbeidet i eininga er organisert, betyr noko for både arbeidsmiljøet og kvaliteten i tenestene, og det kan vere behov for å endre på organisatoriske rammar. Leiarane har ei nøkkelrolle i å få til ønska utvikling i samarbeid med tillitsvalde og vernetenesta. Vi vil legge til rette for at leiarane kan utøve godt leiarskap, og dette stiller høge krav til stabsfunksjonane sin bistand til leiarane.

Berekraftige arbeidsplanar med høg grad av heile, faste stillingar, der ein tek omsyn til forventa fråvær og helsefremmande arbeidstidsordningar, kan bidra til å behalde medarbeidarar og legge til rette for at fleire kan stå lenger i arbeid. Arbeidstidsordningar som er berekraftige, balanserer medarbeidarane si helse og trivsel med god drift, kvalitet i tenestene og økonomisk forsvarleg ressursbruk. Livsfase- og seniorpolitikk som gir rom for fleksibilitet vil bli enno viktigare framover. Det ligg òg potensial i å redusere sjukefråværet og inkludere fleire i arbeidslivet.

Medarbeidarar som er trygge på eigen kompetanse, bidrar både til god pasientbehandling og godt arbeidsmiljø. For å behalde medarbeidarar vil vi gi god introduksjon til arbeidsoppgåvene, kompetanseutvikling og moglegheiter for fagleg vekst gjennom heile yrkeslivet. Lærlingar, opplæringsprogram og rotasjonsløysingar og utdanningsstillingar eller -stipend med bindingstid er verkemiddel vi brukar for å sikre tilgang på medarbeidarar og trygge dei på at dei har nødvendig kompetanse.

Vi vil halde fram det tette samarbeidet med utdanningsinstitusjonane for å utvikle utdanningstilbod i tråd med behova i tenesta og sikre samsvar mellom talet på studie- og praksisplassar. Fleire praksisplassar kan skapast ved å ta i bruk større delar av året og fleire læringsarenaer. Vi vil styrke rettleiinga og opplæringa av studentar og anna personell som har delar av utdanninga si hos oss. Satsinga på Vestlandslegen skal betre tilgangen på legar i heile regionen, og utdanningsløpa for legar i spesialisering skal halde høg fagleg kvalitet, vere godt planlagde og legge til rette for god progresjon fram mot ferdig spesialist. Vi vil òg auke talet på lærlingar og legge til rette for betre rekruttering og koordinering av lærlingar på ulike fagområde. 

Skal vi lukkast med å dekke framtidige kompetansebehov og samtidig skape meir samanhengande tenester for pasientane, må vi samarbeide med kommunane om arbeidskraft framfor å konkurrere. Det krev at vi ser kompetansebehova i samanheng og prøver ut meir hospitering og rotasjon, og nye former for organisering av oppgåvene. 

Vi må òg vurdere om vi brukar kompetansen vi allereie har godt nok. Saman med tillitsvalde og vernetenesta vil vi tenke nytt om arbeidstid og normer for bemanninga på tvers av faggrupper. Langvakter er for eksempel tatt i bruk i fleire sengepostar i sjukehuset, og kan også vere ei løysing i andre typar einingar.

Teknologi kan forenkle arbeidskvardagen og frigjere tid for medarbeidarane. Det gjeld både i klinikk og i stab- og støttefunksjonar. Vi må sette fart i endringsarbeid der vi tar i bruk trygg, tilgjengeleg teknologi og ta oss nok tid til å fase ut gamle arbeidsformer, lære oss dei nye løysingane og endre arbeidsprosessar slik at vi får dei ønska effektane. Eit suksesskriterium er å involvere dei som skal bruke teknologien heilt frå start.

Helsepersonell generelt, og særleg sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar, har eit stort spenn i oppgåver. Vi vil definere kva oppgåver sjukepleiarar med sin kompetanse må gjere, og kva oppgåver det er meir effektivt og forsvarleg at andre tek over. Sjukehuset har utvikla metodikk for korleis vi kan gjennomføre ansvar- og oppgåvedeling på ein fagleg forsvarleg måte, og her inngår vurdering av nytte og risiko. 

For å behalde spisskompetanse og dekke behova i andre funksjonar, vil vi sette meir kraft bak arbeidet med å flytte ansvar og oppgåver frå grupper det er knappheit på, til personell som med opplæring kan gjere oppgåvene på ein fagleg forsvarleg måte. Betre oppgåvedeling og meir fleksibel bruk av kompetanse føreset at vi har medarbeidarar med både spisskompetanse og breiddekompetanse. Oversikt over tilgjengeleg kompetanse og framtidige kompetansebehov blir viktigare. Einingar som har ein heilskapleg og langsiktig plan for kompetanse, vil truleg ha større moglegheiter til å lukkast i arbeidet med å rekruttere, utvikle og behalde medarbeidarar.

Sist oppdatert 30.10.2026