Samhandling om dei felles utfordringane

På overordna nivå må vi òg bruke dei samla ressursane betre for å møte behova for helsetenester framover. Dette handlar om å forbetre samarbeidet internt i sjukehuset og med kommunane, og om å vidareutvikle samhandlinga mellom sjukehusa i regionen, avtalespesialistar og andre aktørar i den offentleg finansierte helsetenesta.

Eksteriør Region Nordhordland Helsehus. Foto

Ein del av utviklingspotensialet ligg i å forbetre samhandlinga internt i sjukehuset. Pasientar og pårørande forventar koordinerte pasientforløp. Det gjeld både pasientar som treng dei enkle tenestene frå oss, og dei som har komplekse, samansette eller langvarige behov for tenester. Vi veit at vi har potensial for å auke samhandlinga på tvers av einingar, profesjonar og fagområde. Dette er særleg aktuelt for pasientar med avhengigheit og psykisk sjukdom som ikkje får behandling for somatiske plager, eller der underliggande avhengigheit eller psykisk sjukdom ikkje blir oppdaga når dei er i somatisk behandling. Men det gjeld òg andre, for eksempel pasientar i overgangane mellom akuttbehandling og sengepostar, og mellom ungdoms- og vaksenavdelingar. 

For å møte utfordringa vil vi styrke samarbeid på tvers med pasientforløpa som felles utgangspunkt. Dette handlar om å gjere det tydelegare kven som har ansvar for dei ulike behandlingstiltaka og kven som har ansvar for at helsehjelpa er koordinert. Vi vil forbetre informasjonsdelinga og vidareutvikle tverrfaglege samarbeidsarenaer med felles mål om spesialisthelsetenester av god kvalitet. Vi må òg vere villige til å sjå på om vi er rett organiserte. Dette gjeld både dei kliniske einingane og om stab- og støtteeiningane er organiserte slik at kjerneverksemda får nødvendig hjelp til å løyse sine oppdrag.

Kommunane og spesialisthelsetenesta deler mange av dei same utfordringane. Ei aldrande befolkning, fleire pasientar med samansette behov og knappare personellressursar gjer at vi må vidareutvikle tenestene i fellesskap. Ei berekraftig helseteneste føreset at kapasiteten i dei kommunale og statlege tenestene er tilpassa kvarandre slik at vi kan tilby helsetenester på rett nivå og sikre overgangane mellom nivåa. Samhandling med kommunane er eit svært viktig utviklingsområde i åra som kjem.

Førebygging

Sjukehuset og kommunane har eit felles ansvar for å førebygge sjukdom og styrke innbyggarane si evne til å meistre eiga helse. Vi ser potensial for felles kompetansebygging på tvers av tenestene for å styrke det førebyggande arbeidet. Vi deler òg ambisjonen om å gjere prioriteringar som heng saman, og kloke val som bidrar til helse- og omsorgstenester av god kvalitet og som hindrar 
overdiagnostikk og overbehandling. I sjukehuset sitt arbeid med å bygge kultur for kloke val er dialogen i Helsefellesskapet og med fastlegane svært viktig. 

Teknologi som betrar samhandlinga

Teknologi gir nye moglegheiter for samhandling og for å flytte tenester nærare der pasientane bur. Digitale konsultasjonar, ambulerande tenester, helsehus og tverrfaglege team på tvers av nivåa kan bidra til betre ressursbruk, færre reiser og styrke samanhengen mellom tenestene. Digitale samhandlingsløysingar kan òg gjere det enklare å dele informasjon og kompetanse på tvers av tenestenivåa. 

Samarbeidsutval for prioriterte pasientgruppar

Helsefellesskapet har oppretta faglege samarbeidsutval knytt til dei prioriterte pasientgruppene. (17) Utvala har stort potensial i forbetringa av pasientforløpa for desse gruppene. I dei faglege samarbeidsutvala møter fagfolk på tvers av forvaltningsnivåa kvarandre og kan identifisere felles utfordringar og føreslå løysingar. Utvala er tett knytte til styringslinja i Helsefellesskapet, og har derfor gode føresetnader for å påverke og sette dagsorden.

Gjennom faglege samarbeidsutval, kompetansedeling og dialog om prioriteringar og ansvars- og oppgåvedeling kan vi sikre gode og samanhengande pasientforløp. Endringar som får konsekvensar for begge nivå må planleggast i fellesskap og bygge på likeverd, gjensidig involvering og ei felles forståing av pasientane sine behov. 

For å bruke dei samla ressursane i regionen best mogleg må vi i større grad sjå tilbodet i sjukehusa, hos avtalespesialistane og hos private leverandørar av offentleg finansierte spesialisthelsetenester i samanheng. Dette er òg avgjerande for å handtere alvorlege beredskapshendingar. Den regionale utviklingsplanen for Helse Vest legg opp til dette. 

Medisinsk og teknologisk utvikling og tilgang på kvalifisert personell driv fram sentralisering av kompleks, kostbar, teknologitung og høgspesialisert behandling. Samtidig er det viktig å oppretthalde robuste lokalsjukehus med kompetanse og bemanning til å ivareta befolkninga sine behov, og for beredskapsføremål. For å bruke dei samla helseressursane best mogleg må funksjonsfordelinga mellom sjukehusa i regionen vidareutviklast i takt med endra behov og nye behandlingsmoglegheiter. 

For å sikre god ressursbruk og lik prioritering er det nødvendig med tydelegare styring og samordning av avtalespesialistar og dei private leverandørane i den offentleg finansierte spesialisthelsetenesta. Overdiagnostikk og overbehandling er kjente utfordringar, og felles protokollar og faglege rettleiarar i heile spesialisthelsetenesta kan bidra til å redusere sløsing.

 

Sist oppdatert 30.10.2026