Svangerskap
Dei fleste svangerskap utviklar seg normalt og dei fleste gravide er friske. Mødrer som er friske, som ber på eit foster og har eit svangerskap som utviklar seg normalt, blir følgt opp hos jordmor på helsestasjon og hos fastlege (primærhelsetenesta). Dersom det oppstår problem i graviditeten som krev spesiell kompetanse eller utstyr, blir du tilvist til fødeavdeling eller kvinneklinikk på sjukehuset.
Sjukdommar før svangerskap
Nokre kvinnar har sjukdommar som krev spesiell oppfølging i forbindelse med ein graviditet. Desse kvinnane kan følgast opp av fastlege eller i eit samarbeid mellom fastlege og spesialistar på sjukehus (spesialisthelsetenesta).
Sjukdommar som oppstår i svangerskapet
Andre gravide utviklar sjukdom i svangerskapet eller dei ber eit foster som treng spesiell oppfølging. Denne oppfølginga vil skje på sjukehus med fødeavdeling eller ved større kvinneklinikkar, av spesialistar med tilstrekkeleg kompetanse og spesialutstyr.
Kontroll og oppfølging i spesialisthelsetenesta
Enkelte gravide blir tilbydde å ha alle kontrollar og oppfølging i spesialisthelsetenesta. Årsaka kan vere komplikasjonar i tidlegare svangerskap og fødslar, eigen sjukdom eller sjukdom hos fosteret.
I delar av svangerskapet kan det vere behov for sjukehusinnlegging. Innlegging blir avgjort etter tilvising og kontroll på svangerskapspoliklinikken.
Tilvising og vurdering
Du får automatisk tilbod om rutinemessig ultralydundersøking i veke 17-19 ved fødeavdelinga der du skal føde. Andre førespurnadar om prøvar og undersøkingar krev tilvising frå jordmora eller fastlegen din.
Det er viktig at det er eit godt, opent og tydeleg samarbeid mellom fastlege, jordmor, sjukehuset og deg som er gravid, slik at du og familien din kan ta informerte avgjerder ut i frå eigen situasjon. Vi er opptatt av å legge forholda best mogleg til rette for de gjennom graviditeten og fram til fødselen.
Utgreiing
Dersom det oppstår komplikasjonar før eller i svangerskapet som bør utgreiast eller behandlast av spesialistar, blir du tilvist til spesialisthelsetenesta.
Fostermedisinarar, fødselslegar, jordmødrer og eventuelt andre spesialistar med kompetanse på svangerskapskomplikasjonar vil følge deg opp i samarbeid med jordmora og fastlegen din i primærhelsetenesta. Utgreiing, behandling og vidare oppfølging vil bli tilpassa kvar enkelt gravide kvinne, foster og familie.
Mange komplikasjonar i svangerskapet har inga betydning for om du kan føde normalt og moglegheita for å få eit friskt barn. Mange komplikasjonar vil heller ikkje ha betydning for barseltida og seinare helse for mor og barn.
Ultralyd
Ultralyd blir brukt til å bestemme ein termin, ser på morkakas plassering og kor mange foster det er. Samtidig sjekkar vi alle organer hos fosteret.
Fosterdiagnostikk
Fosterdiagnostikk er å stille ein diagnose på foster før det er fødd. Ein kan gjere genetiske undersøkingar, ta blodprøvar av mor og ultralyd. Diagnostikken er regulert ved lov. Rutine ultralyd og ultralyd som ein del av oppfølginga i spesialisthelsetenesta er ikkje regulert av denne lova.
For å få utført fosterdiagnostiske prøver og undersøkingar må det vere ei medisinsk årsak. Årsakene er regulert i ein retningslinje som beskriv kven som kan få tilbodet.
Behandling
Diabetes
Diabetes er ein kronisk stoffskiftesjukdom som enten skuldast mangel på hormonet insulin, eller at kroppen ikkje klarer å utnytte insulinet riktig. Insulin er eit hormon som blir laga i bukspyttkjertelen, og som regulerer sukkermengda i blodet. Dersom du har diabetes bør denne vere godt regulert før du blir gravid.
Svangerskapsdiabetes er diabetes som blir oppdaga eller oppstår i graviditeten. Dette medfører ekstra oppfølgjing av mor og foster avhengig av alvorlegheitsgrad. Det kan gi auka risiko for svangerskapsforgifting og føre til komplikasjonar under fødselen, mellom anna fordi barnet kan få for høg fødselsvekt. I tillegg er det auka risiko for diabetes seinare i livet.
Overvekt
Overvekt og fedme medfører ein helserisiko som kan reduserast ved sunnare kosthald og fysisk aktivitet. Svangerskap er ein periode der kvinner kan vere særleg motivert og mottakeleg for informasjon og oppfølging av overvekt og fedme. Sunnare kosthald og auka aktivitet gir så langt vi veit ikkje uheldige utfall for svangerskapet. Aktiv slanking er ikkje tilrådd.
Blodpropp
Det er viktig for deg som er gravid å kjenne til symptoma på blodpropp. Ver merksam på einsidige smerter i lyske, særleg venstre side, låge einsidige magesmerter eller akutt tung pust, rast pust og høg puls. Slike symptom bør bli undersøkt av lege relativt raskt.
Vaksinering av RhD-negative gravide
16 prosent av norske kvinner har blodtype rhesus negativ. Når dei blir gravide er sjansen stor for at fosteret har blodtype rhesus positiv. Då kan mor danne antistoff mot blodet til fosteret, noko som kan vere skadeleg for barnet.
Ekstrem svangerskapskvalme
Nesten alle kvinner opplever kvalme eller oppkast når dei er gravide. Alvorleg svangerskapskvalme rammar eit fåtall, men er likevel ein hyppig årsak til sjukehusinnlegging tidleg i svangerskapet. Alvorleg svangerskapskvalme blir også kalla hyperemesis gravidarum (HG), kortforma hyperemesis blir oftast brukt.
Alvorleg svangerskapskvalme kan bli definerast på ulike vis, men Verdas helseorganisasjon (WHO) definerer sjukdommen som vedvarande kvalme og oppkast som startar før 22. svangerskapsveke.
Kontroll av fosterets vekst
Om eit foster veks lite kan det skuldast genetiske / arvelege årsaker, sjukdom hos mor, sjukdom i morkaka eller sjukdom hos foster. Ofte spelar fleire faktorar inn. Dersom fosterets vekst avvik frå normalkurva, vil ein undersøke årsaka til avviket nærmare med ei utvida ultralydundersøking.
Svangerskapskløe og svangerskapsforgifting
Hormon kan påverke huda og svangerskapskløe kan oppstå. Ei anna årsak til kløen kan vere auka leververdiar og gallesyre på grunn av svangerskapet.
Svangerskapsforgifting eller preeklampsi kan ramme gravide i siste del av svangerskapet. Symptoma er ofte milde, men må alltid takast på alvor. Livet til både mor og barn kan vere trua dersom tilstanden blir forverra.
Bløding seint i svangerskapet
Om du er mindre enn 22 veker på veg i svangerskapet, skal du kontakte lege eller legevakt dersom du blør. Du blir vurdert og eventuelle vidare undersøkingar eller behandling blir bestemt.
Om du har kome lenger enn 22 veker i svangerskapet skal du kontakte fødeavdelinga om du begynner å blø. Du vil då få rettleiing og plan for vidare oppfølging, undersøking og behandling vil bli vurdert.
For tidleg fødsel
Eit svangerskap varer vanlegvis mellom 37 og 42 veker. Dersom fødselen skjer før veke 37 er fullendt, er det ein for tidleg fødsel, det vil seie ein prematur fødsel. Prematur betyr eigentleg «førmoden». På engelsk blir det ofte kalla «preterm birth», altså fødsel før termin.
Les meir om for tidleg fødsel på helsenorge.no
Kvinner som er omskorne
Kvinner som er omskorne blir råda til å ta kontakt eller tilvisast for å avklare om det er behov for kirurgisk behandling før svangerskapet, i svangerskapet eller under fødsel. Overvaking av dei ulike stadia før fødsel og sjølve fødselen kan vere meir komplisert hos kvinner som er omskorne. Det beste er å bli opna i god tid før fødsel.
Igangsetting av fødselen
Ved enkelte svangerskapskomplikasjonar kan fødselen måtte settast i gang før termin for å betre di helse, betre vekstvilkåra til fosteret eller for å starte behandling av sjukdommar hos deg eller fosteret.
Fødsel og barsel
Nyfødde med behov for helsehjelp blir flytta til nyfødd intensiv avdeling etter fødsel. Mødrer med behov for helsehjelp etter fødsel blir ivaretatt på barseleininga, eventuelt i kombinasjon med opphald på andre avdelingar i sjukehuset ved spesielle tilfelle.
Etter fødsel startar barseltida. Barseltida er frå rett etter fødselen til kroppen er tilnærma slik han var før graviditeten og amminga er etablert ca. 6-8 veker etter fødselen.
Kliniske studiar
2 kliniske studiar er opne for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
- Fertilitetsbevarende behandling hos unge kreftpasienter
- Kosthold under svangerskapet - helseeffekter på mor og barn
Oppfølging
Mistanke om svangerskapskomplikasjon vil i nokre tilfelle bli avkrefta etter utgreiing hos spesialistar på sjukehuset, og du blir følgt opp hos jordmora og fastlegen din.
Komplikasjonar som oppstår i graviditeten kan ha ingen eller lite betydning etter fødsel. Dersom det har betydning for tida etter fødselen eller i neste graviditet, vil du få informasjon om dette eller du vil bli følgt opp med prøver og undersøkingar på barselavdelinga eller i samarbeid mellom fødeavdelinga og primærhelsetjenesten.
Etterkontroll
Det er vanleg å gå til kontroll hos fastlege ca. 6 veker etter fødsel (etterkontroll). Etterkontrollen er ei fin anledning til å snakke om prevensjon. Nokre gravide vil få tilbod om denne kontrollen på sjukehus.
Det kan vere føremålstenleg at du blir tilvist til samtale på fødeavdelinga dersom du har mykje tankar rundt eiga fødselsoppleving, unormal bløding, rifter eller smerter.